Velkommen til Vinnes barnehage!

Vinnes barnehage er den einaste private barnehagen i Fusa kommune. Me er ein liten barnehage som flytta inn i heilt ny barnehage 29.04.13, så no ligg me tett i tett med Vinnes Friskule som me deler uteområdet med. Totalt har me plass til 20 barn i barnehagen.

Vinnes barnehage blir driven etter Lov om barnehage frå 01.01.06 og Rammeplanen for barnehage.

 

Barnehagen ligg i naturskjønne omgivelser rett ved sjøen og med kort veg til flotte områder i skogen der me deler gapahuk med skulen. Me har særleg fokus på mat og helse, eigen kokk i personalgruppa som i lag med barna lagar middag eller varmlunsj kvar dag. Om ettermiddagen har me et frukt og gønnsaker.

Eit anna satsingsområde er IKT, me brukar dagleg IPad, PC og digitalt fotoapparat. Her er me innom alle fagområda i Rammeplanen, det vert nytta både pedagogiske programvarer og app'ar.

Sosial kompetanse er også eit satsingsområde i barnehagen, her brukar me det pedagogiske verktøyet : "Steg for Steg"

 

Tre dagar i veka har me aldersinndelte grupper der me jobbar med ulike temaer knytt til Rammeplanen.

 

 



Webmaster: Line Ragnhildstveit

   

Vinnes barnehage
Vinnes, 5641 Fusa